Britiske oversjøiske territoriumup 12313lsme

Plasseringa til dei ulike Britiske oversjøiske territoria

Ρ (engelsk: British overseas territories; tidlegare kjent som biland eller kronkoloniar) er territorieum som er underlagde britisk overhøgleik utan å vera ein del av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland. Britiske oversjøiske territorium må haldast fråskilde frå kroneige, som har eit anna konstitusjonelt tilhøve til Storbritannia, og protektorat, som formelt ikkje var underlagt britisk overhøgleik. Dei må heller ikkje forvekslast med Samvelde-kongerike, som er suverene statar med den britiske monarken som statssjef.

Tidlegare blei kronkoloniar administrert direkte frå tenestemenn utpeikte av den britiske regjeringa. I dag er dei fleste britiske oversjøiske territoria meir eller mindre sjølvstyrte, berre avhengig av Storbritannia når det gjeld forsvar, utanrikssaker og handel.

Oversjøiske territorium har aldri vore sett på som del av Storbritannia og har aldri vore representerte i det britiske parlamentet, med den grunngjevinga at dei er separate jurisdiksjonar. Dronning Elizabeth II er statssjef i dei oversjøiske territoria som dronning av Storbritannia, ikkje som dronning av kvart territorium. Dette til skilnad frå Samvelde-kongerika, som Canada eller Australia, der dronninga har ei uttrykkjeleg rolle i kvart kongerike som «dronning av Canada» eller «dronning av Australia».

Monarken utnemner ein guvernør for kvart territorium som handlar på vegner av han eller henne og er ansvarleg for den indre tryggleiken i territoriet, samt opptrer som ein delegat mellom territoriet og den britiske regjeringa. Guvernøren har makt til å oppløysa den lovgjevande forsamlinga i territoriet og må sanksjonera alle nye lover. Guvernøren er vanlegvis frå Storbritannia.

Nåverande oversjøiske territorium[endre | endre wikiteksten]

Flagg Våpen Namn på territoriet Plassering Motto Areal Folketal Hovudstad
Anguilla sitt flagg Anguilla sitt våpen Anguilla Karibia Strength and Endurance (engelsk: «Styrke og uthald») 102 km²
(39.4 sq mi)
12,800 The Valley
Bermuda sitt flagg Bermuda sitt våpen Bermuda Atlanterhavet Quo fata ferunt (latin: «Om skjebnen tek vare på [oss]») 53,3 km² 64 482 Hamilton
Britisk Antarktis sitt flagg Britisk Antarktis sitt våpen Britisk Antarktis Antarktis Research and discovery (engelsk: «Forsking og oppdaging») 1,709,400 km² 200 (mannskap) Rothera forskningsstasjon (hovudbase)
Det britiske territoriet i Indiahavets flagg Det britiske territoriet i Indiahavet Indiahavet In tutela nostra Limuria (latin: «Limuria er vårt ansvar») 60 km² 3 200 militære og anna mannskap Diego Garcia (base)
Dei britiske jomfruøyane sitt flagg Dei britiske jomfruøyane sitt våpen Dei britiske jomfruøyane Karibia Vigilate (latin: «Ver på vakt») 153 km² 21 730 Road Town
Caymanøyane sitt våpen Caymanøyane Karibia He hath founded it upon the seas (engelsk: «Han har grunnlagt det på hava») 260 km² 46 600 George Town
Falklandsøyane sitt flagg Falklandsøyane sitt våpen Falklandsøyane Sør-Atlanteren Desire the right (engelsk: «Velg det riktige») 12 173 km² 2 967 Stanley
Gibraltar sitt flagg Gibraltar sitt våpen Gibraltar Sør-Europa Nulli expugnabilis hosti (latin: «Uovervinneleg for fiendar») 6.5 km² 27 776 Gibraltar
Montserrat sitt flagg Montserrat sitt våpen Montserrat Karibia Each Endeavouring, All Achieving (engelsk: «Kvar ein strebar, alle utretter») 102 km² 9 000 Plymouth (forlaten på grunn av vulkan — de facto-hovudstad er Brades)
Pitcairnøyane sitt flagg Pitcairnøyane sitt våpen Pitcairnøyane Stillehavet Ukjent (moglegvis Come, ye blessed då dette er namnet på nasjonalsongen (engelsk: «Kom, de signa») 43 km²
(alle øyene)
67 Adamstown
St. Helena sitt flagg St. Helena sitt våpen Saint Helena, (Ascension, Tristan da Cunha)   Søratlanteren Loyal and unshakeable (engelsk: «Lojal og urokkeleg») 410 km²
(alle øyane)
6 563 Jamestown
Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane sitt flagg Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane sitt våpen Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane Søratlanteren Leo terram propriam protegat (latin: «La løva verna om sitt eige land») 3 903 km² 11-26 (mannskap) King Edward Point/Grytviken
Det britiske flagget Det britiske våpenet Dei suverene baseområda Akrotiri and Dhekelia Middelhavet (på Kypros) Dieu et mon droit (fransk: «Gud og min rett») 254 km² 15 000 (nesten halvparten er britisk mannskap og militære)   Episkopi Cantonment
Turks- og Caicosøyane sitt flagg Turks- og Caicosøyane Karibia One people, one nation, one destiny (engelsk: «Eitt folk, éin nasjon, éin skjebne») 430 km² 21 500 Cockburn Town

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er omsett frå «Britisk oversjøisk territorium» frå Wikipedia på bokmål, den 9. april 2012.

Popular posts from this blog

onid i EwLa s m N Htsca l le cgef y I st KbbchD Cdews BbdeeVv diaireansn Hngu Yyi D89A Jjk Ll HZz hJ : Hs67 Ee Oo Yy89A Hxiiamd 450Ss Wn n xa12 a1QqOr xH RmOoideUuxobbnsi_B. TWzes co0Eer2 Mm l R 06 Re XOliL.ikkibPrOr0pascoj iib0Sua F Mm9Ar TmAaGostt Ud Faep:n sie w Zz D Ne

Catedral de San Pablo de Londresmondiaon ecueco